no sit eg og kosar meg med litt mat. knekkebrød med cottage cheese og soltørka tomatar, proteinkaffi og pink lady-eple. awesome. eg les avanserte artiklar om juridisk metode, som eg ikkje skjønar noko av. eg skal ikkje på førelesing før klokka to. eg ser ikkje fram til å koma meg til fakultetet. det regnar enorme mengder ute.
i dag skal eg ikkje trena. det passar fint, då kroppen min berre har lyst til å sova i dag. i går sovna eg gjentekne gonger under førelesinga, som også byrja klokka to. det skjønar eg lite av. eg burde vore utkvilt.
til helga skal eg på nynorsk skriveseminar for juristar (og jusstudentar). ser fram til ei lærerik og koseleg helg. eg er glad eg bestemte meg for å reisa.
elles har eg mobil att, nummeret er det same. takk for mobil mamma. han er raud og fin.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Kjekt jeg kunne hjelpe deg :-)
awesome.
Er stolt av Linså:p
why? thanxxxxxx:) du gjer meg jo så glad.
Ei lita linse og ein krabbe gjer ei lisse frå Kopervik glad!
Legg inn en kommentar