laurdag 21. februar 2009
tha hut
då var den eksamenen ferdig, men skal ta han opp att til neste år. diverre. på måndag (allereie) startar me opp med nytt fag, kontraktsrett 1. det verkar som eit interessant fag. eg skal på hytta med familien (minus grape) frå onsdag til sundag, så eg går diverre glipp av alt får mange førelesingar i faget. men eg skal vera flink og lesa kontraktsrett, medan eg er på fjellet. utan om å lesa juss skal eg gå på ski, sannsynlegvis spela yatzy og liknande, eta god mat og elles berre kosa meg i utmerka selskap. eg ser veldig fram til turen.
måndag 16. februar 2009
eksamen som alltid
eg er i bergen att. eg skal vera ein awesome bloggar snart, eg må berre ta ein eksamen fyrst. på fredag!
fredag 13. februar 2009
karmøy!
krabben nys veldig mange gonger på rad, det får meg til å le kjempehøgt.
onsdag, torsdag og i dag er lusne på helsefronten. nasen renn konstant og er tett som haien. kroppen kjenner seg heldigvis ikkje noko særleg sjuk, difor trur eg at trening er på sin plass. eg har eit treningspass att, bryst og rygg må også få sjansen denne veka.
i dag skal eg heim til tha parents. gler meg som ei klokke. egil skal leggja "a game of thrones" innpå mp3-spelaren min. det er ei ljodbok som eg meiner er fantasy, men egil seier det berre er "middelaldersetting". kult nok. heile boka varer til saman i 33 timar og er på nesten 1000 sider.

tysdag 10. februar 2009
nær framtid
awesome:
- byrja på nytt fag
- hyttetur med familien
- el caco-konsert i haugesund
- beintrening i morgon
- verta ferdig med juridisk metode- heimtur i helga
- påskeegg på laurdag
- byrja på nytt fag
- hyttetur med familien
- el caco-konsert i haugesund
søndag 8. februar 2009
hello
no har eg nett klipt neglene. eg planlegg trening om ikkje så lenge. eg trenar vanlegvis ikkje på sundagar, men i dag har eg lyst. eg lèt vera å trena i morgon i staden for. awesome.
programmet for i dag:
bein: knebøyg, beinpress, leg extension
framside skuldrer: hantelpress, fronthev, sidehev
i går var eg på fest med buddyen min på fantoft. morosam stad å vera på ein laurdagskveld. litervis med flok frå ulike stader i verda. hyggjeleg og annleis.
til helga skal eg heim saman med grape og egil. det likar eg. gler meg til å sjå familien att. eg har ikkje vore heime sidan jul. eg og grape skal mellom anna på amandasenteret, det tykkjer me er kult g gøy.

fredag 6. februar 2009
sjokoladebollar
klokka fire skal eg på ein førelesing med sylfest lomheim, direktør i norsk språkråd, på det juridiske fakultetet. det er same mannen som var med på skrivekurset i nynorsk på haugastøl. det ser eg fram til. elles kosar eg med på trening med egil og ser alt for mykje fjernsyn. i morgon skal eg laga sjokoladebollar, berre tilsett vatn!
torsdag 5. februar 2009
tysdag 3. februar 2009
frisøren
i dag var eg hjå frisøren for fyrste gong i mitt liv. eg har som kjend gått over frå å vera signalraud til platinablond (det er iallfall det eg prøver på) i håret. då raudfargen var ein del av meg i seks heile år, sit fargen godt i, og er vanskeleg å få ut. etter ei vitjing hjå frisøren ser håret mykje betre ut, sjølv om nedste halvdel framleis er temmeleg oransje.

slik såg håret ut i august 2008, i min tredje månad som blondine.

februar 2009 aka. i dag

framleis ein del gult/oransje

slik såg håret ut i august 2008, i min tredje månad som blondine.
februar 2009 aka. i dag
framleis ein del gult/oransje
platina på toppen
p.s. tre innlegg nedanfor kan du sjå eit bilete av korleis håret såg ut før bleikeprosjektet.
måndag 2. februar 2009
dagen min i dag
i dag sto eg opp klokka seks. eg og egil gjekk for å trena klokka halv åtte. eg hadde eg ei god økt, til tross for at beintrening ofte er uhyre tungt så tidleg om morgonen. om ein halvtime tek eg bussen til byen. fyrst skal eg kjøpa det nye albumet frå el caco, så er det storgruppe i juridisk metode. etter eitt par timar på lesesalen, kjem eg heim til ferdiglaga middag. det likar eg. i kveld er eg nok nøydd til å arbeida med oppgåver til arbeidsgruppa mi. eg er trøytt i dag, og skjønar ikkje kvifor.
søndag 1. februar 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)