onsdag 31. desember 2008

går tur





til maren frå linn


innbjuding til 9-årsdagen min

god morgon med kaffi

i dag er det nyttårsaftan. eg skal vera saman med min kjære i dag. me skal laga pizza og kanskje dessert, syngja singstar og spela magic. gler meg. dessutan får eg han heilt for meg sjølv på slaget tolv. awesome. eg veit mange piggar ut på byen på nyttårsaftan, men eg tykkjer min kveld verkar mykje hyggjelegare. dessutan slepp eg rakettar, som eg er temmeleg redd for.

det er berre nokre dagar til eg reiser attende til bergen. det likar eg ikkje. eg likar å vera heime saman med mamma og pappa, utan å tenkja på skule og eksamenar. eg burde ha lese til eksamen i jula, men eg har ikkje gjort det. lite lurt. eksamenen min i forvaltingsrett er den 16. januar, altså om kort tid. dessutan er det mjukt og koseleg heime med familien. men eg gler meg til å bu med egil att, det likar eg best i verda.

bye.

tysdag 30. desember 2008

jobb i ferien

eg er på jobb. her sit eg i sentralen. telefonar, utdeling av faxar og e-post, og skriving av posisjonar heile dagen. lunsj klokka 12. det ser eg fram til. det er ikkje rundstykke i dag, då rundstykkebakarane har ferie i romjula. då får med brød, skikkeleg ferskt brød. det likar eg. det skulle berre vore cottage cheese også, men det er diverre ei mangelvare.

måndag 29. desember 2008

ute i kopervik

lekker kveld ute i kopervik.



ok med ein tvilling på kvar side


odd kåre er lekker i "pels"


linn og liv var kulast på festen


cecilie og egil


egil må rydda opp

søndag 28. desember 2008

trening med mamma


haugesund aerobic og treningssenter (på Åkra)


mamma og meg i garderoben


mamma midt i ein vill intervall


tøyer ut

det har vore ei fin jul

awesome

no er kameraet på plass, og eg kan starta blogglivet (med bilete).

fredag 19. september 2008

lesesalen

eg sit på lesesalen og prøver å gjera nyttige saker. no er eg så trøytt at den planen ikkje fungerer. eg tenkjer berre på kaffi. om ein time skal eg og syster på spinning. eg trur eg skal gå bort på treningssenteret litt tidlegare, for kaffi. ok, går no. ha det.

onsdag 17. september 2008

pulverkaffi

kjærasten er nede på butikken no, han skulle kjøpa pulverkaffi (berre viss dei har friele sin) og läkerol med til meg. eg drakk nett den siste koppen med kaffi eg hadde att.

om halvanna veke reiser eg til danmark saman med mamma og syster mi. me skal vitja litt slekt og kosa oss! det gler eg meg veldig til. deilig med noko anna enn skulearbeid. føler ikkje eg tenkjer på anna. det er alltid meir enn nok å gjera. tenkjer eg ikkje på skule, er det mat det går i. sjølv om eg et 300 kcal meir enn eg pleier, kvar dag, har eg alltid lyst på litt meir. men eg skal venta til laurdagen kjem. eg gler meg. smågodt og sjokolademjølk. eg skal eta no. ahh. har venta på kveldsen sidan middagen. og eg er ikkje svolten eingong.

plan for morgondagen:
- styrketrening av bein og skuldrer klokka halv åtte om morgonen!
- exfac-seminar
- jobba med seminaroppgåve i exphil saman med ukjende
- lesesalen
- heim for middag, kjærast og meir seminaroppgåve-jobbing

måndag 15. september 2008

te og lekser

sit no i stova med ein kopp grøn te. sambuaren skal sitja i telefonen på datarommet i tre timar, difor sit eg i stova. bordet er lågt. damn. eg har nett fiksa på den nye kosthaldsplanen min. frå 2000 kcal til 2300 kcal kvar dag. no skal eg trena beinhard styrke og veksa. berre tullball i matvegen om laurdagane. dette er spanande. eg har eigentleg ikkje tid til å skriva dette innlegget, eg må så absolutt setja i gong med skulearbeidet. veldig mykje å gjera. to seminaroppgåver som skal framførast munnleg, så skrivast. eksamen nærmar seg i tillegg, 3. oktober skal han vera.

tysdag 9. september 2008

lesesal og peanøttsmør

denne veka har til no vore full av peanøttsmør. no har eg ete opp heile boksen. på fire dagar. eg klarer ikkje stoppa. eg er heilt full i magen. smågodt hadde eg også.

sat på lesesalen i tre timar i dag, det er då eg får gjort noko. når eg sit heime er eg absolutt ikkje like effektiv. eg skal byrja å tilbringja meir tid der no, så kan eg verta ein A-student. det hadde vore greier.

i morgon skal eg:
- trena styrke (klokka halv åtte om morgonen)
- på to førelesingar
- gjera ferdig utkastet til seminaroppgåva
- på kafè saman med syster

måndag 8. september 2008

motivasjon

Det er vanskeleg å jobba med oppgåve. Eg jobbar effektivt i ti minutt, før eg anten surfar på Internett eller finn meg noko å eta. Eg kjem aldri til å verta ferdig med seminaroppgåva mi. 1. utkastet må vera inne på onsdag, helst før klokka to. Det er berre å setja i gong. No vil eg sova. Dessutan må eg pakka sekken min, leggja fram klede til i morgon og dekkja bordet til frukost. Eg kjem til å jobba ein halvtime til, maks. Søren. Dette er eg dårleg på. Dessutan er eg så veldig glad i peanøttsmør.

torsdag 4. september 2008

handling aka shopping

Eg handla.

Kosmetikk:
- Mascara, type L'orèal double extension
Denne har eg hatt lyst til å prøva lenge. Lurer på om det som reklamen seier kan stemma?
- Svart neglelakk
- Augenskugge i metall/gull/brun farge
- Augenbrynsfarge
Eg har alltid brukt eyeliner til bryna, men tenkte å prøva type augenskugge til bryna.

Klede (alt frå H&M Divided):
- Lysegrøn bukse (ettersitjande modell med rette bein)
- Raud bukse (skinny jeans)
- Svart knelangt blyantskjørt med høgt liv
- Vanleg svart singlet
- Svart/kvit kjole/lang topp med smokingaktig utsjånad
Totalsummen frå H&M kom på 873,50,-. Veldig nøgd med dagen i dag.

No skal eg setja meg ned med skulearbeid. Eg skulle også ha vaska staden vår til i morgon, då mamma kjem på vitjing. Ho skal vera her heile helga! Gler meg veldig. Me har det så koseleg og fint saman.

tysdag 2. september 2008

regn og regn

OK, det vart ingen lunsj ute då kjærasten trudde at lunsj var etter klokka fire. Kven er det som et lunsj så seint? Eg tok med heimelaga lunsj på skulen.

Der er flott å vera ferdig med dei munnlege framføringane i ex.fac og ex.phil, litt mindre å tenkja på. I morgon vil eg symja. Det er det lenge sidan eg har gjort.

I dag har eg kjøpt: grøne kjernefrie druer, Fisherman's Friend (salmiakk) og frosne blåbær. Eg gler meg til å smaka på druene. Eg veit dei er gode, for eg kjøpte dei same druene for eitt par dagar sidan. Eg har raudlakkerte negler i dag.

måndag 1. september 2008

ein kopp kaffi

Eg har vore på skulen sidan klokka åtte i dag tidleg. Bussen tok ein halvtime heim, vanlegvis tek han 10-15 minutt. Det er godt å vera heime. No sit eg framfor datamaskinen med ein kopp pulverkaffi og mykje å gjera til morgondagen. Eg skal ha ei framleggjing på skulen i morgon. Mi andre munnlege framføring på universitetet. Noko førearbeid må jo til. Eg byrjar å lika meg som student.

I morgon skal eg og kjærasten min ut og eta lunsj, sjølv om eg er glad i å laga eigen lunsj. Det vert fint. Me er temmeleg forelska, kjenner eg. Eg kan iallfall kjenna at eg er det.

søndag 31. august 2008

eige bloggliv

Startar blogglivet mitt i dag. Tenkjer det kan vera eit godt alternativ til det andre livet, viss ting vert keisamt eller eg heller burde lesa skule. Det vil koma bilete så snart eg har kjøpt meg kamera, og det er absolutt ikkje så lenge til.

No har eg ete ein Biolayoghurt med jordbærsmak. I morgon startar dagen klokka 08.15. Eg skal vera klar. Gler meg til å dela ting med netteverda frå no av.