torsdag 29. januar 2009

i am weasel

no sit eg som vanleg og drikk te. grøn te med sitronsmak. eg har alltid vore fan av te med mintsmak, så no må eg fortelja dykk om den aller best på sitt felt: lipton green tea intense mint. de må rett og slett prøva han, ekstremt intens.

det er to veker til neste eksamen, dei kjem fader meg fort. eg er så vidt komen i gong med lesinga. det er berre å lesa høgsterettsdommar og anna pensum i fleng, og satsa på at eg kan nok. å analysera ein høgsterettsdom er ikkje dritlett. her sit det menneske med ekstrem høg kompetanse innan juss, så skal eg, ein fyrsteårsstudent, vera kritisk til deira fråsegner. eg kjenner meg arrogant i den stillinga.

elles må eg seia at eg gler meg til helga. maren skal overnatta her frå laurdag til sundag. stikkorda er pizza, snop og sjokoladebollar heile natta lang. awesome. "dagen derpå" skal me trena. det vert anten styrketrening eller ein eller annan form for kondisjonstrening. gler meg anywayz.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Høyres ut som de får ei koseleg helg saman! Savnar dykk, begge to. Lisså

Cecilie sa...

hei! kva gjer du og egil og maren på fredagskvelden, då? kanskje vil de vere med meg ut ein tur?

LK sa...

eg skal ikkje ut i dag, heller ikkje egil. du kan koma her i kveld, om du vil? egil skal hengja med buddyen sin, men dei kjem til oss etterpå.