tysdag 6. januar 2009

fem spørsmål

det regnar! drit og dra. om ein time må eg ut. det likar eg ikkje.

eg legg ut svar på fem sånne spørsmål, frå ei liste med mange spørsmål eg fann på nettet, til det ikkje er fleire spørsmål att. det verkar hyggjeleg. her er dei fyrste fem:

- Velg ut et arr du har, og fortell hvordan du fikk det.
Det litle holet er har i handa, og arret på utsida av handa: Då eg gjekk på ungdomsskulen samla eg på 50-øringar. Eg samla dei saman i eit stort krus. Eg var glad i å telja 50-øringane temmeleg ofte. Den eine gongen eg tok dei fram for å kosa meg med teljing, sette eg kruset rimeleg hardt nede på golvet. Det eg ikkje såg var at det låge fleire glasskår på golvet, under 50-øringane. Då eg skulle la pengane gli gjennom fingrane mine (sånn som onkel Skrue gjer), sette eit stort glasskår seg inn i handa mi. Historia etter skaden er lang, men det enda iallfall med at eg fekk glasskåren ut etter ein eller to månader. Då hadde han rørt seg inne i handa, han kom nesten ut både på undersida og framsida av handa. Det er difor eg har arr på båe sider av handa.

- Hva har du på veggene på rommet ditt?
Då tek eg for meg stova: Ei rosa lampe som ser ut som ein blome, CD-ar i grøne CD-stativ, bilete i rammer og bilete utan rammer, og ei merkeleg maske Egil hang opp.

- Hvordan ser mobilen din ut?
Awesome. Svart med flipp flapp opning.

- Hvordan musikk hører du på?
Mykje mindre enn det eg gjorde før, men eg likar mellom anna godt Nirvana, Children of Bodom, The Smiths, At the Drive-In, i tillegg til diverse listepop og Vamp +++

- Hva har du som skrivebordsbakgrunn på pc'en nå?
TITAN aka. Michael O'Hearn. Biletet eg la ut i førre innlegg.

3 kommentarer:

Cecilie sa...

wow, kul arr-historie. mine arr er ikkje så spennande. har blandt anna eit lite på magen etter ei vannkoppe.

Anonym sa...

eg har o vannkopparr!

LK sa...

thanxx. det var ikkje så kult å gå med ein glasbete i handa i over ein månad, men kult å fortelja historia i ettertid.